Hva er 070605? Kontaktinformasjon  
 
Avhengighetserklæringen
Hundreårsbrevet
10.000 tanker
Kjære 2105
Brev fra 1905
Overrekkelsen
Brevet til fremtiden
Arkiv
Stillhetens dag
Tid
Arbeid
Forbruk
Barndom
7. juni
Julen
Øyeblikket
Skriv under
English, please
Historiene
Tips og lenker

Kjære tippoldebarn.

image

Det er spanande at eg på denne måten kan sende ei helsing fram i tida og helse deg som i dag er mitt ufødde tippoldeborn, skriver Loms ordfører Simen Bjørgen.

Og tenkje så langt fram i tida er for meg både spanande og utfordrande, men det er likevel heilt umogleg for meg å kunne forutsjå korleis du fører ditt liv om 100 år. Like vanskeleg som det vil vere for Deg å forestille Deg korleis eg levde mitt liv. Difor skal eg utfordra deg på om vi ikkje kan finna eit møtepunkt i det som kan vere felles opplevingar.

Som ordførar i Lom er eg sett i ei ansvarsfull stilling. Som politikar skal vi forvalte naturen som omgjev oss med høge fjell og djupe dalar på ein slik måte at vi kan overlevere denne store gåva, som vi fekk frå våre forfedre til nye generasjonar. Alt i dag er det for mange å finne relativt sett urørt natur, og leve i harmoni med det naturen kan gje oss umogleg på grunn av forbruk og forureining. I ei verd med hightech, plastkort og forureining er Lom framleis ein stad ein kan vende attende til og oppleva det ekte og opprinnelege. Vonar det vert slik også om 100 år. Vi har i dag rein og urørt natur, og vi trur at dette vil bli ein viktigare og viktigare ingrediens i framtidssamfunnet.

I Lom ligg Norges og Nord Europa sitt høgaste fjell, Galdhøpiggen. Ei mektig oppleving for meg i 2004 er og bestige denne fjelltoppen utan bruk av tekniske hjelpemiddel. Eg vonar at også du kan få ei slik oppleving i di tid. Kjensla av og bruke kroppen og meistre ei utfordring, sanse vær og vind og kanskje drikke reint vatn direkte frå ein fjellbekk. Det kan vere det fyrste møtepunkt vi kan ha i framtida.

I Jotunheimen er det vilt og bær som smakar likeeins i dag som det smakte for 1000 år sidan. Om det er fisk, rein, rype eller bær så er det av dei opprinnelege smakane. Smak er ei gåve, naturen er også det. Det vert ikkje laga meir natur så vi må ta vare på det vi har. Ein vellukka smak kan takast fram att som minner frå ei minnebok. Kanskje kan den opprinnelege smaken av Jotunheimen vere eit nytt møtepunkt for oss på tvers av generasjonar.

I Lom er vi opptekne av å ta vare på dei natur og kulturverdiar som vi har så mange av. Vi ynskjer å skape eit harmonisk og rikt miljø for menneske som bur her og skape eit særprega miljø som vil trekkja til seg ei raskt aukande gruppe av tilreisande, dei som er lei av fastfood, overflateeffektar og plastikkultur. Lom er bygda som går sin eigen veg og vi vil representere eit alternativ også for framtida. Vi ynskjer oss bort frå jappekultur og lettvint-prinsippet.
Difor kan vårt tredje møte vere i det tidlause, det denne tenkinga er bygd opp rundt. Vi skal bruke av naturen men ikkje forbruke den. Vi ynskjer at flest mogleg skal få del i natur og kulturressursane vår, men vi vonar at ingen kan sjå at dei har vorte brukt. Å dele med andre er ei drivkraft, kanskje mest av alt fordi vi får så mykje att sjølve.

Eg vonar difor at du også vil gjere ditt for at desse opplevingane også skal vere tilgjengelege i framtida.

Takk for møtet.


Simen Bjørgen
Ordførar i Lom


14. september 2004