Hva er 070605? Kontaktinformasjon  
 
Avhengighetserklæringen
Hundreårsbrevet
10.000 tanker
Kjære 2105
Brev fra 1905
Overrekkelsen
Brevet til fremtiden
Arkiv
Stillhetens dag
Tid
Arbeid
Forbruk
Barndom
7. juni
Julen
Øyeblikket
Skriv under
English, please
Historiene
Tips og lenker

Hundreårsbrev frå ordføraren i Luster

image

Hundre år er ein lang bolk når me tenkjer framover. Tenkjer me tilbake, blir perspektivet eit litt anna. Som liten var det nokre av dei finaste stundene det å sitja på bestefar sitt fang å høyra om gamledagar.




Bestefar fortalte om stølslivet og den gongen bjørnen kom og reiste med grisen i fanget Bestefar, som då var liten, vart redd og gøymde seg, men budeiene sprang etter bjørnen med brennande faklar og berga grisen.
Bilane var ikkje komne, og vegar var det dårleg med. Det tok lang tid å forflytta seg mellom landsdelane.

I dag, 100 år etter, har me eit anna livsmønster. Korleis det vil vera om enno hundre år, er vanskeleg å spå. Kva folk vil jobba med, og kvar folk vil ha arbeidet sitt kan ein berre fundera på.
Me har mykje varige verdiar rundt oss som ikkje endrar seg. Naturen i Luster er vi stolte av - mykje fjord og fjell. Jotunheimen med sine 50 toppar over 2000 m , ville snødekte toppar. Me har Jostedalsbreen, Nord-Europas største fastlandsbre. Me har fossefall som enno renn fritt nedetter fjellsidene. Det er ikkje vanskeleg å få med seg naturopplevingar om vi vil nyta stilla langt inne på fjellet, nyta fosseduren, eller høyra dønn og lyden av naturkreftene under tusenårsgamal isbre. Dette er verdiar eg ynskjer tippolderborna mine skal oppleva, samtidig som eg håpar det bur folk i bygdene og dalane i kommunen. Det at det bur folk midt oppi den ville naturen vår, er eit varemerke for kommunen.

Å vera medmenneske, bry seg om og ha tid for kvarandre. Dette er viktige verdiar me er avhengige av for å fungera som menneske. Desse verdiane bør vi ta vare på og setta høgt.

Kva utfordringar har vi i kommunen vår akkurat no. Det kan vera interessant om hundre år å sjå tilbake. Me har hatt eit rimeleg stabilt folketal dei siste 30 åra- rundt 5000 . Landbruket har vore viktigaste næringsvegen. Den utviklinga vi er inne i, viser at folk er meir mobile enn før. Me reiser over stadig større avstandar til og frå arbeid. Ungdomen reiser ut for å ta høgare utdanning. Me har ikkje det store utvalet i arbeidsplassar, noko som gjer at ungdomen ikkje kjem tilbake. Folketalet minkar i utkantane, medan det aukar i Gaupne og Hafslo. Om lag fjerdeparten av arbeidstakarane pendlar ut av kommunen til nabokommunane. Det tradisjonelle landbruket blir bygd ned, større einingar for å overleva gjer at dei mange små einingane i bygdene våre blir borte. Desse har vore grunnlaget for folkesetnaden i utkantane.

Kommunestruktur er eit tema som opptar alle kommunane. Greier me å vera eigen kommune i framtida, eller må me gå saman til større kommunar? Slik forholda er no, er det full semje om at Luster framleis skal vera sjølvstendig kommune. Eit godt alternativ er å få eit meir forpliktande samarbeid med nabokommunane.

Den mangfaldige naturen vår gjer at vi bør satsa endå meir på turisme framover. Som politikarar er vi sette til å forvalta naturen vår på ein slik måte at neste generasjon får overta noko like verdifullt som det vi overtok. Det er mitt håp at naturperla Luster er like inspirerande og rik på opplevingar om 100 år.

Til neste år skal me feire hundreårsmarkering for eit fritt land. Mitt håp og ynskje for framtida er at me må ta vare på kvarandre, ta vare på demokratiet, og at me framleis lever i eit fritt land.

Lukke til

Gaupne, 8/11 2004

Torodd Urnes
- ordførar -