|
|
EIT HUNDREÅRSBREV
Kjære austrheimingar eller etterkomarar etter i år 2105! Tru korleis de har takla og makta den oppgåva og utfordringa som ligg i det opne og ukjende framtidsrommet, 2005 - 2105? skriver ordførar Ole Lysø
Ole Lysø, ordførar i Austrheim
Eg er litt usikker på kven eg skal stila dette brevet til for eg har tenkt: Tru om det finst nokon som kallar seg austrheiming om 100 år?
No i 2004 er vi litt over 2500 personar som kan kalla oss austrheimingar. Med det meiner vi å fortelja at vi er busette og heimehøyrande i Austrheim kommune som i dag ligg om lag ein times biltur nord for Bergen by.
Når eg er usikker på om det finst nokon som kallar seg austrheiming om 100 år, så er det fordi vi i desse dagar er opptekne med å tenkja ut, diskutera og teikna forslag til nytt kommunekart for Hordaland fylke.(For dei som ikkje veit det, så var Noreg inndelt i 18 fylke i 2004, og vårt fylke heitte Hordaland.)
Og finst det kommunar i Noreg i 2105 år, så bur de kanskje i Nordhordland kommune og kallar dykk nordhordlendingar eller de bur i Bergen kommune og har vorte bergensarar? Ja, kven veit?
Men me som lever og bur her i Austrheim no, me er optimistar med tanke på kommunen vår si framtid. Difor held vi nett no på med å byggja eit nytt og flott kommunehus som vi skal ta i bruk våren 2005! Dette vert det første verkelege kommunehuset Austrheim har hatt etter at vi vart eigen kommune i 1910, og vi ser fram til å ta huset i bruk! Huset er bygd for framtida og er i betong, så eg reknar med at det både står og er i bruk om 100 år.
Men eit spørsmål ligg og lurer: Tru om bygget er kommunehus i 2105?
Elles hadde det vore stort å kunna kalla seg bergensar nett i dag 08.11.2004, dagen etter at tippeligaklubben Brann frå Bergen vart norsk cup-meister i fotball etter å ha banka Oslo-klubben Lyn 4-1! Men sjølv om vi ikkje er bergensarar, så er vi Brann-supporterar for full hals her i Austrheim, og austrheimingane Roger Helland og Gunnar Norebø var begge Brann-spelar for nokre år sidan. Det er viktig å få med seg ein jubeldag som i dag!
Elles er fotballinteressa stor her i Austrheim. Vårt eige idrettslag -Austrheim IL- sitt seniorlag kjempar for tida godt i fotballen sin 5. divisjon og jentelaget vårt vart kretsmeistrar no i haust etter å ha vunne finalekampen 10-1. Flott gjort, tykkjer eg!
Flott tykkjer eg og det er at Austrheim kommune i desse dagar gjev ut andre bindet (av 4) i eit bygdebokverk for kommunen. Bokverket skal vera ferdig i 2006. Då har Austrheim kommune fått ei allmenn bygdesoge for perioden 1800-2000 og ei gards- og ættesoge som går attende heilt til 1300-talet. Bygdebokverket har tittelen "Austrheim i fortid og notid".
De som les dette brevet om 100 år, har gjennom liv og arbeid vore med på å "skriva" den delen av Austrheim kommune sin historie som ligg ukjend framfor oss. Tru kva den historiebolken kjem til å innehalda? Synd at ingen av oss som er austrheim-ingar i 2004 får vera med på lesinga i 2105, dersom då ikkje levealderen skulle verta radikalt forlenga i løpet av det hundreåret som ligg framfor oss!
Elles vert det sagt at "skal ein kunna takla framtida på ein god måte, så må ein kjenna og læra av fortida". Difor vonar eg at vi som lever no og austrheim-ingane i generasjonane før oss og etter oss har viktige ting å læra frå oss til dei som til ei kvar tid skal forma Austrheim si framtid!
Det som har prega Austrheim dei siste 25-30 åra, er ein overgang frå å vera eit samfunn der landbruk, sjøfart og fiske var viktige levevegar til å verta eit industri- og oljesamfunn med utgangspunkt i Mongstad - senter for petroleums-industrien i Noreg. På Mongstad ligg det største oljeraffineriet i Noreg med ein kapasitet på 10 millionar tonn råolje og ein råoljeterminalen der ein kan lagra 9,5 millionar fat råolje. Hamna på Mongstad er i skrivande stund Noreg sitt største hamneanlegg målt i tonnasje, og er største oljehamna i Europa etter Rotterdam i Nederland. Råolja som kjem til Mongstad, vert henta på sokkelen utanfor norskekysten. Noreg er i 2004 verda sin 7. største produsent av olje og 3. største eksportør av olje, og er den einaste storprodusenten som har all oljeproduksjonen sin til havs. Mange austrheimingar har oljeinstallasjonane i Nordsjøen og Norskehavet som arbeidsplass og pendlar til og frå installasjonane med helikopter.
No hausten 2004 går diskusjonen høgt om det skal byggjast eit kraftvarme-anlegg på Mongstad med overskotsgass frå raffineriet og naturgass frå Troll-feltet vest for Sognefjorden som drivstoff. Industrien ynskjer eit slikt kraftverk, miljøforkjemparane er imot og mellom oss politikarar og i dei politiske partia er synspunkta ulike. Usemja kjem m.a. av redsla for utslepp av forureinande gassar og menneskeskapte klimaeffektar. Berre framtida vil visa om det vart noko av kraftvarmeplanane på Mongstad. og i tilfelle kva konsekvensar ei slik utbygging fekk.
Utvinninga av olje- og gassrikdomane i havet utanfor Noreg har endra levekåra for nordmenn generelt og oss austrheimingar spesielt i løpet av dei siste 25 åra. Olje- og gassrikdomane har gjort oss rike og levestandarden er høg. Det gler vi oss over! Men olja og gassen er ein ressurs som ikkje kan fornyast! Difor kjenner eg stundom eit stikk av dårleg samvit når følgjande spørsmål dukkar opp:
Har vi det for godt vi som lever no, og brukar vi opp ressursar som vi skulle ha delt med dei generasjonane som kjem etter oss?
Forsynte vi oss for godt frå det "fatet" som inneheld ressursar og rikdomar som vi skal dela med barna, barnebarna og dykk barnebarnsbarna våre!?
Men likevel:
Eg vil ikkje vera pessimist med tanke på framtida. Difor vonar eg at både vi som lever no og dei generasjonane som kjem etter oss, steller seg slik at vi har auka og forbetra den arven som vi fekk overlevert og som vi alle ein gong skal overlevera til nye generasjonar!
Ps!
Har de enno ikkje skrive ned Austrheim-samfunnet sin historie etter 2004, så utset det ikkje lenger! Eg ynskjer dykk lukke til med det og med alt anna de tek dykk til!
Forresten, vart det reist ein "Tusenårsvarde" ved kommunehuset i 2005, og i tilfelle står den der enno? I tilfelle svaret er ja, så var vår tanke som fekk reist den at dei 20 granittblokkene i "varden" skal symbolisera dei 20 hundreåra som har gått frå år 0 og fram til vår tid, omkring år 2000. Det opne rommet på toppen av "varden" symboliserer den ukjende tida som ligg framfor oss. Ein del av det opne og ukjende framtidsrommet, hundreåret 2005-2105, har de vore med på å forma og fylla de som er mottakarar av dette brevet.
Tru korleis de har takla og makta den oppgåva og utfordringa?
Ds.
Austrheim den 8.november 2004.
Ole Lysø
Ordførar
|
|
|
 |