Hva er 070605? Kontaktinformasjon  
 
Avhengighetserklæringen
Hundreårsbrevet
10.000 tanker
Kjære 2105
Brev fra 1905
Overrekkelsen
Brevet til fremtiden
Arkiv
Stillhetens dag
Tid
Arbeid
Forbruk
Barndom
7. juni
Julen
Øyeblikket
Skriv under
English, please
Historiene
Tips og lenker

Hundreårsbrev frå ordføraren i Radøy kommune, Hordaland.

image

Når eg no skriv til deg, min ukjente etterkommar, ønskjer eg at mine tankar kan vera til litt ettertanke i ei sikkert travel tid. Kanskje du kan få litt betre innblikk i korleis me som lever no tenkjer om framtidas samfunn. Kva er me opptatt av, og kva ønskjer me for våre etterkommarar?



Radøy kommune sin visjon er: Radøy - den grøne øya - tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle. For oss tyder dette å sikra gode oppvekstvilkår, livskvalitet og livsgrunnlag for alle. Det tyder eit lokalsamfunn der alle tek del og der alle føler at dei er til nytte.

Kulturen betyr mykje i denne samanheng, enten det gjeld skjøtsel av kulturlandskapet med alle sine kulturminne eller det gjeld utøving og formidling av alt frå kunst via idrett og musikk til det å halda gamle handverk i hevd.

For dette vart Radøy kommune utpeika til årets kulturkommune for Hordaland for 2004. Det er ei påskjønning og ein kveik til alle dei som har gjort dette mogeleg: - eldsjelene, organisasjonsmenneska, bygdefolket og dei tilsette.

Når eg fortel deg om dette, så er det for å fortelja litt om kva som opptek oss, og så kan du leita etter meir i gamle arkiv.

Eg sit no i stova mi og ser utover Lurefjorden, og eg undrar meg på kva du vil sjå. Ho Vigdis, kona mi, og eg har det godt, men travelt. Born og borneborn gler oss mykje, og dei små oppdagar stadig nye sider ved livet. Og me lurer på kva verdiar me kan gje dei med på ferda inn i ei noko usikker framtid.

Og det er grunn til å lura. Kanskje særleg for oss som har levd i ei tid der utviklinga har endra på det me trudde var mogeleg meir enn nokon gong før i historien.

Det å styra samfunnsutviklinga er i ferd med å bli tatt får oss. Oftare og oftare får me høra at det og det kan me ikkje gjera noko med. Det vert kalla utviklinga, og den går sin gang, heiter det. Me er i ferd med å bli offer for "forbrukarkulturens menneskesyn".

No er eg ikkje sikker på om du skjønar kva eg fortel deg, men eg vonar det.

Korleis me skal gje våre etterkommarar trua på verdiar som kan vera til hjelp, har eg imidlertid nokre tankar om:
Det handlar om å vilja noko. Viljen og trua på at me kan få noko til er viktige føresetnader i dag, og eg trur dei vil vera det for deg og.

Difor er kulturen, med alle sine møteplassar og sitt sosiale nettverk, avgjerande for ei samfunnsutvikling der alle kan føla at dei er til nytta. Ta og med deg innhaldet i orda toleranse og kjærleik, som eg vonar betyr noko for deg, så vil du kunna vera til nytte både i di eiga tid og for dine etterkommarar. Ta og med deg det eg kan lesa i FN sine menneskerettar: "Alle menneske er fødd frie og med same menneskeverd og same menneskerettar. Dei er utstyrt med fornuft og samvit, og bør handla mot kvarandre i brorskapens ånd."

Mitt største ønskje for deg og di samtid er at du kan leva i ein fri nasjon i ei fri verd, og at du i 2105 kan feira 200 års jubileum slik me no kan feira 100 års jubileum.

I ei verd der alle, kvar og ein er fri. Ei verd der liv og fred har større verdi enn pengemakta. Ei verd der de som borgarar har innverknad på utviklinga.

Ta til slutt med deg fylgjande ordspel til ettertanke: "Smilet i auga er lyset i glaset som fortel at hjarta er heime.

Lukke til !


Med venleg helsing

Olav Steinar Namtvedt
ordførar i Radøy

15. november 2004