Hva er 070605? Kontaktinformasjon  
 
Avhengighetserklæringen
Hundreårsbrevet
Stillhetens dag
Tid
Arbeid
Forbruk
Barndom
7. juni
Julen
Øyeblikket
Skriv under
English, please
Historiene
Tips og lenker

Dårleg tid for god tid

image

Prosjektleiar Elisabet Molander i 07-06-05 ber oss om å ta tida attende. Ho er tilbakehalden med konkrete råd, men oppfordrar folk til å tenkje seg om. (Foto: Håvard Sæbø)

07-06-05 byrjar no å få dårleg tid til å skape god tid. Prosjektet låner unionsoppløysingas magiske dato for å freiste folk til personleg frigjering.



Ingebrigt Steen Jensen klekte ut ideen «07-06-05, tid for forandring», hausten 1999. Visjonen var ei folkerørsle av menneske som skulle frigjere seg frå stress og feil tidsbruk. 7. juni 2005 skulle tene til meir enn ei historisk markering.

– Djupast sett ønskjer dei fleste av oss ro, ettertanke og fellesskap. Min draum var eit nasjonalt forandringsprosjekt som skulle famne ung og gammal, by og land. Utgangspunktet var å freiste, ikkje plage, folk til forandring. Vi har oppnådd mykje, men vi må nok innsjå at vi ikkje har lukkast, seier Steen Jensen til Vårt Land.

God tid. Han har sitje i styringsgruppa for prosjektet, og har stått i spissen for ei rekkje arrangement. Men det er vel få som assosierer Stabæk-investoren, forfattaren og reklamemannen med god tid.
– Eg har sjølv eit dramatisk behov for å frigjere meg frå den maskinen eg spring i. Vi skapte visjonen om felles forandring nettopp fordi det er så vanskeleg å få det til åleine. Livs-stils–og miljøomlegging er nok eit meir krevjande arbeid enn vi trudde, seier han.

Forandring. Steen Jensen ønskjer likevel å understreke at det ennå ikkje er for seint.
– Det er framleis tid fram til den magiske datoen. Og eg kan freiste med at samantreffet ville det slik at 7. juni 2005 fell saman med ein heilt spesiell astrologisk dag for forandring, seier han.
Prosjektleiar Elisabet Molander meiner likevel at arbeidet har gitt mange frukter.
–?5000 menneske har skrive under på ei støtteerklæring. Mange har delteke på seminar, og tusenvis av arbeidstakarar har erfart kva pause inneber gjennom ein time «time-out» på jobben, fortel ho.

Ikkje egosentrisk. Prosjektleiaren deler kontorlokale med Hundreårsmarkeringa, det statlege organet som samkøyrer alle markeringane av unionsoppløysinga.
– Eit utal arrangement og seminar debatterer kor Noreg står som nasjon dette året. Det blir sett attende og framover. Prosjekt 07-06-05 trekk debatten eit steg ned, og spør kva kvar enkelt syns er viktig. Det er ikkje egosentrisk. Menneske som har eit medvite forhold til eige tidsbruk får også eit blikk for omverda, seier ho.

Dårleg tid. Molander vedgår likevel at dei byrjar å få dårleg tid før status skal gjerast opp.
– Jau då, eg er litt stressa. Vi jobbar mot straumen. Men samtidig lever vi i ei tid der det er rom for forandring. Det danske instituttet for framtidsforsking har spådd at vi snart går inn i den såkalla «off-trenden». Menneske vil ikkje lenger vere kopla til alt som skjer, til mobiltelefon, internett, nye filmar og trendar. Vi får stadig tilbakemeldingar av folk som gjer noko med sin eigen tidsbruk, seier Elisabet Molander.


21. januar 2005