Hva er 070605? Kontaktinformasjon  
 
Avhengighetserklæringen
Hundreårsbrevet
10.000 tanker
Kjære 2105
Brev fra 1905
Overrekkelsen
Brevet til fremtiden
Arkiv
Stillhetens dag
Tid
Arbeid
Forbruk
Barndom
7. juni
Julen
Øyeblikket
Skriv under
English, please
Historiene
Tips og lenker

100-årsbrev fra Gaular kommune

image

Eg sit her ein fin junidag i 2005 og skriv dette brevet som skal opnast om 100 år. Eg undrar meg på kven som les dette. Om 100 år er dei som no bur i Gaular borte, og vi vil aldri få vite korleis utviklinga har forma samfunnet.



I 2005 har mange høg materalistisk levestandard, god privatøkonomi, kostbare hus og mange reiser til "syden" opptil fleire gonger for året. Mobiltelefon og datamaskin har vorte allemannseige. Dei siste åra har det skjedd ein revolusjon i kommunikasjonsverda. Vi kommuniserer gjennom e-post og tekstmeldingar. Det er lettvint og praktisk, men ulempa med å alltid vere tilgjengeleg er sjølvsagt der.
Det er godt å bu i Gaular kommune. Vi har gode barnehagar og skular, ei god eldreomsorg og
eit rikt kyrkje og kulturliv. Men dårleg kommuneøkonomi, spesielt i små distriktskommunar som Gaular, kan vere med på å rive ned dette. Den høgredominerte regjæringa prioriterer skattelette og auka privat forbruk framom penger til fellesskapet og kommunal verksemd. Inntektssystemet omfordeler midlar frå små til større kommunar og frå distrikt til byar. Mange distriktskommunar opplever fråflytting og kutt i tenestetilbodet.
Eg stiller kritiske spørsmål ved ei slik fordeling fordi helsetenester, skuletilbod,
barnehageplass, skulefritidsordning, kultur og næringsutvikling er viktig for busettinga i kommunane.
Vi har god kontakt med innbyggjarane og kommunen har eit aktivt lags- og organisasjonsliv. Idrettslaga organiserer mange bom og ungdom, spesielt fotball er ein populær aktivitet.
Gaular har vakker natur. I 1994 verna Stortinget Gaularvassdraget mot kraftutbygging. Det var stor motstand i kommunen mot dette vedtaket fordi det var ein stor økonomisk gevinst for kommunen å få bygd ut vassdraget.
Inst i Dalsfjorden ligg Tusenårsstaden Osen i Bygstad med historiske spor heilt tilbake til folkevandringstida. Dalsfjorden merkar seg ut med eit flott fjordlandskap og landemerke som Storehesten og Lisjehesten kneiser stolte. I andre enden av den langstrakte kommunen har vi Gaularfjellsvegen som går gjennom dalføra i Viksdalen. Og på Langeland har vi eit attraktivt skiutfartsområde for heile Sunnfjordregionen.

Gaular har eit variert næringsliv og landbruket har tradisjonelt stått sterkt i kommunen i dette århundre. Vi opplever no, som resten av landet, at økonomien i landbruket er dårleg. Det er lett å skaffe seg godt betalt arbeid i nærområdet. Mange sluttar difor med mjølkeproduksjon og dei minste bruka kuttar ut dyrehald. Gaular er likevel blant dei største jordbrukskommunane i fylke.
Transportnæringa er stor og vi har fleire større familiefirma i kommunen. Helikopterselskapet Airlift har oppdrag i inn og utland. Arleg reiser 60000 passasjerar over Førde Lufthamn
Bringeland, som tener område Sunnfjord og Ytre Sogn. I Bygstad ligg Sunnfjord Sag og på Bjørvikstranda har vi Maritime Montering som prosjekterer og byggjer skipsinnreiing. I
Bygstad er prosjektet "Vikingfjorden" godt i gang med å bygge opp turisme på kulturbasert næring Og på Viksdalen har Gaularfjellsvegen fått status som Nasjonal Turistveg. Bygda håpar på auka turisme.
Styrken til Gaular er eit aktivt og tiltaksrikt folkeslag som nektar å gje etter for
sentraliseringskreftene. Vi er glade i bygda og vil skape aktivitet og arbeidsplassar.
Til slutt undrar eg på korleis Gaular kommune er når du les dette om 100 år. Utviklinga vil
ganske sikkert ha endra på mykje. Eg undrar på om her framleis vil vere buset j ing i bygdene og levande landbruk som produserer mat? Vil flyplassen på Bringeland vere i drift og korleis har det gått med aktiviteten i transportbedriftene våre? Vil Gaular kommune eksistere som eigen kommune?
Det er mange spørsmål som melder seg, og som eg ikkje har svaret på no.
Mitt råd til mine etterfølgjarar som les dette brevet om 100 år er: Ta vare på fellesskapsløysingar, samfunnsengasjement og folkestyre.
Mennesket vantar ikkje styrke, men vilje. Densom seier adjø til viljen sin, seier adjø til seg sjølv!


Venleg helsing
Jenny Følling
- Ordførar


06.05.05