9. desember
Hugsar du då du var liten. Då du var med mor og far på tur. Plukka blåbær eller steikte pylser på open eld. Hugsar du far spikka ein liten kjepp til deg. I sekken låg det alltid ei appelsin. Og ei flaske bringebærbrus. No er det du og eg som er desse mødrene og fedrene. Det er vårt ansvar å koma oss ut. Ikkje sittja framfor skjermen. Viss ungane dine skal verta slik som deg, må du ta initiativet. Å ta dei med ut. Ikkje køyra dei på skulen eller på trening. Men gå ein tur. Sykla eit stykke. Det er ikkje så mykje som skal til. Men neste sumar bør de gå i fjellet. Frå hytte til hytte. Gje dei små smaken på det gode livet i den frie naturen. Vandra saman. Eg skal lova deg at det gir deg større belønning enn du nokon gong har fått på jobben. Men det er ditt ansvar. Du må pakka sekken og seia: ”I dag skal me på tur”
ARNE HJELTNES
Det skal innhentes tillatelse for videre bruk av tekst og foto. Foto: Elisabet Molander
Fredensborgveien 24 D Postboks 2192 Grünerløkka 0505 Oslo Tlf.: 22 03 40 26/25 www.07-06-05.com